På tide å krype ut av hiet sitt?

Sola skin, og det er atter ein gong herleg å vere til.
Eg får lyst til å gjere ALT, alt anna enn å sitte inne bak skulen sine murar å råtne. 
Eg vil rydde, rake og plante buskar og blomstrar. Henge opp nyvaska kle ute med duft av deilig tøymykner. 
Eg vil sitte ute til sola går ned, og nyte kvar ein stråle.

Vinteren er over, og eg gler meg til sommaren slår inn for fullt!

Eit brunt lys i kvardagen

For to veke sia bestemte vi oss for å kjøpe oss hund. På FINN.no fann vi verdens søtaste, blanding av scäfer, border collie og irsk setter, men vi kunne ikkje hente han før 17.mars. Altså, ein heil mnd! Det er lenge, for eg vil ha han NO! Men samtidig er det ganske greit, for då har vi litt tid til å forberede oss. Så idag skal eg låne hundebok på biblioteket. Og i neste veke skal vi til Førde å kjøpe halsband og hundeseng. Ååå som  eg gleda meg! 

Lille kosen :)

img0010

img0019

img0020

Fram mot våren

Eg hadde eit håp om at våren nærma seg i forrige veke, då sola skein og vegane var tørre. Men draumane mine vart knust natt til tirsdag då det byrja å snø .. IGJEN.
No består kvar dag av eit spørsmål: kjem vi oss opp bakken heime? Og idag må eg køyre, så då føler eg at presset er ekstra stort. 

Eg har invitert på middag i mitt nye hus, der eg har invadert Per Arne med alle mine ting og tang, og mildt sagt tatt over styringa. Men idag er det jentekos! Christine, Gunn, Ingvild og Sonja på paella hos oss. Og seinare skal eg og Ingvild på foredrag om norsk oljehistorie. Whii.

Fin dag. Minus snøen

Små barn, store gleder

Vi hadde besøk av sonen til Per Arne frå laurdag til søndag, og han utforska noken av dei kjekke sidene ved Mac:

bilde 100 bilde 101

bilde 102 bilde 103

bilde 104 bilde 105

bilde 106 bilde 108

bilde 112 bilde 115

bilde 119 bilde 132

Totusenogni

Vi har entra det nye året, og eg har aldri vore så lite lysten på å begynne på skulen igjen. Det har forsåvidt aldri vore sånn at eg har hoppa i taket over skulestart, men denne gongen er det annerledes. Ein ting eg verkeleg ser fram til dette året: VÅREN. Enden på min 13 år lange skulegang og det skal feirast med eit heilt friår (inkl tenking og grubling over kva eg vil tilbringe resten av livet mitt med). Akkurat no er eg blank. B - l -a - n - k .
Derfor, eg gledar meg til våren.

Og ellers, har eg aldri hatt det bedre.

Ekte julestemning

Det var først då vi steig inn døra heime, at eg følte julefreden senka seg over meg. Knitring frå peisen, julegardiner, kolrabistappe, julekaker, lilla duk, adventlysestakar .. ja, i det heile. Eg følte JUL.
Og best av alt, eg hadde med meg Per Arne. Han var godt mottatt av heile familien, og pappa begynte heldigvis ikkje med nokon FBI / Krypos liknande spørsmål. Det var den beste begynnelsen på jula eg kunne hatt. 
Alexander vart fort varm i trøya og torturerte Per Arne med hjernetrimleikar. "Få kula ut av denne firkanten med pinnar", "løys knuten" liknande. Det var annkvar gong, og dei tok tid på kvarandre. Eg koste meg!
Det ser ut til å bli ei fin jul


09122008321

Morgon

Fyllesjuk? Nei. Litt dårleg humør likavel? Ja.
Å ver edru blant fulle folk kan vere kjekt. Då tenker eg kjekt så lenge du ikkje er aleine i heile verden om å ver edru. Men det var altså tilfelle for meg igår. Per Arne døddrukken fra sans og samling, eg edru som ei lerke (dog, ikkje ei lommelerke!)
Eg hadde gått med på det sjølv, så kan ikkje klage. Men det kan bli for mykje av fulle folk etterkvart og.
Know wat I\m saying?

Overaskelse

Naturfag? So long.
Eg våknar om morningen og tenker jævla hybelvert. Eg legg meg om kvelden og tenker jævla hybelvert. GI OSS INTERNETT! fordi du lovte. Så kvar gong eg skal på internett må eg ned på skulen. Eg har anna å gjer på, derfor blir internett og onlinenyheter eit sjelden syn for meg. 
Igår fekk eg ein fin overaskelse. Då eg var på jobb lot eg Per Arne låne bilen min, sia hans stod hos en venn. Når klokka slo 9 og eg var ferdig på gamleheimen, stod den fine bilen og den fine guten ute å venta på meg. Då hadde han vaska bilen, støvsugd den og fiksa begge blinklysa. Kan ein få ein bedre overaskelse? Eg kan ikkje!

Ærlig talt har eg tatt juleferie for ca ei veke sidan. Sjølv om det er to veker igjen til ferie, kapitulerar eg no. 
Vekk meg etter nyttår.

Desember

Julegateopning, juletretenning, snø, kulde .. Det er desember og 23 dagar til jul.
Eg har det fantastisk.

Ting

På jobb igår kom eg til å tenke på forskjellige ting pasientar har sagt til meg iløpet av det året eg har jobba der. 
Mange av pasientane har no blitt flytta opp på langtidsavdeling, og eg merkar kor mykje eg saknar dei. 
Eg syns det er rart kor glad ein kan bli i ein person som ein eigentleg ikkje kjenner. Men som ein av tilfeldige forskjellige grunnar får som pasient, og blir knytta til.

Sagt om/til meg:

- så, likar du deg i Noreg?
- kva skal du med fjøra på alvehatten din?
- er du ein ånd i sekken min?
- (veit ikkje om det går under "å ha blitt sagt") men eg har blitt prompa rett i fjeset
- du var svart
- kor har du vert heile mitt liv? (heilt sant!)

Det var det eg kom på no.

Til Maja

som vil vite meir om meg. 

Rules:
- Put these rules onto your blog and link back to the one who challenged you.
- Share 7 things about yourself people probably don't know about you.
- Challenge other bloggers you would like to know abit more about.- Let them know that you've challenged them!


1) eg likar brunost av og til, men ikkje på skive
2) eg har ei sommardyne og ei vinterdyne i senga mi heile året, så eg kan velge utifrå temperatur
3) eg ville gifte meg med pappa heilt til eg var 14 år
4) eg går ofte i søvne. sist la eg fram ny dopapir-rull på badet
5) eg likar å sitte i dusjen
6) eg køyrer ofte til usaklege plassar langt vekke, aleine. Fordi eg kan
7) eg kjøper sko ein størrelse for stort
(8) eg har møtte Coffee Annan)


eg utfordrar Ingvild!

Blant varehyllene

Eg hadde tenkt meg på skulen. Og ja, eg kom meg omsider dit. Men ein liten omvei innom Mega vart det. Då lysta til Sonja overtalte lysta mi, og vi køyrte til Mega. 

Først stoppa vi i Fjordland hylla. Der var det både tilbud og,

10112008247
eg fann suppa mi. Eg meinar, suppa di.


10112008250
Skjer med å framstille matvarene på eklast mulig tenkelig måte? Rå og Rosa!


10112008251
Det same gjeld her. Tenk om dette var kneet til bestemora di.

Så kjem jula

10112008252
og ja, eg er veldig for god julemat, godteri, julebrus, osv. Men ikkje i oktober/november. Okei, slutten av november er greit. Men såvisst ikkje begynnelsen. Og det stoppar ikkje her.

10112008254
 og

10112008256
Skal det vere eit spann pepperkaker? Så du er sikker på at du ikkje går tom.

10112008253
Min kjærleik til Oreos.
Og Sonja sin til nype-syltetøy. 

10112008255

10112008257
Kven vil ha ein pult ost? Anyone?

10112008258
Kva frukt(evt grønsak) er ditta?

Heimlengsel

I det siste har eg følt litt heimlengsel. Då sommaren var over, tenkte eg at eg hadde fått nok av mamma og pappa, og resten av folka heime, for godt. Men no kjem følelsen av savn krypande. 
Eg savna egentlig alt med dei. 
Måten pappa smattar på når han spiser.
Måten mamma kallar meg "jenta mi" og "lille venn" når ho snakkar til meg.
(faktisk) måten Marie svarar meg surt og snøftar for seg sjølv når ho svarar.
Måten eg kan overtale Alexander til å stryke fotane mine når vi er sofagrisar. 
Og Thomas er i Tønsberg så han har eg savna så lenge at eg ikkje kan skrive alt eg savnar med han, men savnar han, det gjer eg!

Men så kjem eg på min lille familie på Sandane, som eg har blitt så ufattelig glad i, og då blir alt litt bra igjen :)

n5657957629978962969
Ingvild pingvild med sin sjuke hjerne. Eg elska kreativiteten din Ingvild!

06112008237
Du er ho der fine.

06112008240
Her er eg tom for ord.

06112008241
Durkendrevet alkoholiker?

07112008243
Min kjære roomie, kjem tilbake til deg straks.

08112008244
Eg og Christine gjer ting på vår måte. Her: frakting av bord. Kva ellers?

09112008246
Blant BH-ar, belter, håndkle og strømpebukser oppbevarar mi søte Sonja ein pakke Bixit kjeks.

Dåkke er så fine alle sammen!

saturday night

Lørdag kveld. ALLE skal ut på Sandane. Eg og vil ut!
Men istaden skal eg vere bartender på dansegalla i Innvik. Noke eg aldri hadde sagt ja til hadde ikkje det vore for at min søte mamma hadde ansvar for baren. Så, frå no til klokka 02:30 inatt, skal eg skjenke gamle innvikara i alle slags forma og fasonga, som skal vise at dei fremdeles har draget. Kanskje det blir ein god kveld, og eg får kasta ut noken i år og. Lov å håpe.

Neste helg skal eg ut uansett faen! Punktum

Eg saknar

Min beste venn, min andre (men ikkje spesielt bedre) halvdel, min Anne!

x1pxoywqu4sjf4e5kdz00bp73q3m8uzf5lrchovxcfoqecsh x1pxoywqu4sjf4e5kdz00bp73q3m8uzf5lrchovxcfoqcfkws

img0042 img0066

dscf2540 dsc00070

anne hpim0631

hpim0780 hpim0782

hpim0829 hpim0900

hpim0996 20082008021

monaannee hpim0911

Kofor du er den finaste eg veit. 


50g ekstra

Min kjærlighet til nyvaska velduftande kle og safari kjeks er stor. Derfor tenkte eg å belønne meg sjølv med safari kjeks og litago, sidan eg framleis sitter på skulen. Og seinare velte min trøtte tenåringskropp i reint laken.
Elsk

bah

Den evige irritasjon

Korleis skal ein forstå seg på ein schizofren person?
Korleis skal ein vite om det berre er ord?
Korleis veit ein kva den andre tenker?
Korleis veit ein kva som er sant?
Korleis veit ein når ein skal gi seg?
Korleis merkar ein at det ikkje er gjensidig lenger?
Korleis skjønnar ein at det er over?

Korleis kan ein eigentleg forstå seg på noko som fucking helst?

den lille NØTTE fabrikken

No sitte eg på skulen, og spise meg ihjel på nøtter istaden for å begynne på det eg egentlig skal gjer. Og det er følgande:

- gjere tak-kino plakaten mest mulig ferrdig
- skrive ark til stygg matteprøve. (som Christine ville sagt: GEH) og eg er enig.. !

Kan ikkje bare Q-film ver over, alt gå strålande, og adventstida komme. Den er så koselig. Det vil eg!

I carry your heart with me

i carry your heart with me (i carry it in 

my heart)

 i am never without it (anywhere

i go you go, my dear; and whatever is done

by only me is your doing, my darling)

i fear no fate (for you are my fate, my sweet)

i want no world (for beautiful you are my world, my true)

and it's you are whatever a moon has always meant

and whatever a sun will always sing is you

here is the deepest secret nobody knows

(here is the root of the root and the bud of the bud

and the sky of the sky of a tree called life; which grows

higher than soul can hope or mind can hide)

and this is the wonder that's keeping the stars apart

i carry your heart (i carry it in my heart)

 

E.E Cummings

November

Det er offisielt andre dagen i november. 
Og samtaleemna på jobben idag var:

- fuglereservat i Oslo
- bussprisa
- kva som er best av bjørkeved og blandingsved
- temperaturen ute

sikkert veldig givande om ein er interessert i det. Men etter tre timers søvn, og ingen spesiell interesse for noken av temaane ovanfor, duppa eg av .. og sovna, ja, nedi maten min. 

Fin dag

Det var det da

På jobb idag kom eg på ein heilt genial ting å skrive om, men den tanken har dessverre fordufta. Klokka er 00:00, vi går no over til NOVEMBER! Unnskyld meg, men eg syns ikkje det er lenge sia det var mai og våren var begynt å komme. Tida går så fort! 
Det er altså 

- 18 år og 5 mnd sidan eg kom til jorda
- 5 mnd sidan eg vart 18 og tok lappen
- min femte mnd med lappen

eg har hatt lappen i 5 mnd! eg kjem ikkje over det. Det føles jo som det var igår at eg satt der, så nervøs og livredd, med sensor. Og han korrekt sitert sa til meg: viss ikkje du køyre seinare, kjem du til å vere tilbake her ganske snart. Då har du køyrt av deg sertifikatet ditt!!! BOOM, in my face. Takk for den, og in his face, så har eg lappen enda. 

Noke anna som gjer at eg merka at tida går fort, er at det eg alltid har gleda meg til å bli, nemlig russ, er NO! Det har alltid virka som ein heil evighet unna, men no er det faktisk min tur, og det begynne neste fredag. Russ 2009 si første russekro, med halloween fest på Willys. Og når eg tenke meg om, heiter det faktisk Onkel Willys pub, så når eg tenker meg endå meir om, er det faktisk litt perverst. Det er jo unge folk som går der liksom. Ja, for det meste i alle fall. 
Uansett, RUsS! Eg gleda meg. 

No skal eg heim å sjå en film, og vente på at klokka skal bli 14:45, så eg kan gå på jobb igjen. 
Ellers, han er fin når han sove.

Frå rot til rydd

Etter ei veke i noke som føles som et koma, tok eg idag skippartak og rydda leiligheten. Trur skiftinga mellom haust og vinter har dårlig innvirkning på meg. Eg blir rett og slett giddalaus. Då meina eg meir enn ellers.

28102008211
ROTeboss

28102008212
ROTeoppvask. Og, ekkel oppvask.

28102008214
usunt ROT

28102008215
tørr klesvask ROT som har vert tørt lenge

28102008216
klesROT ( ikkje uvanlig)

28102008217
var berre mørkt.


Og forresten, det har komt
27102008210
SNØ!!

Litt fint

Dagen idag begynte igrunn som alle andre dagar. Slumre frå halv åtte til ti over åtte, heilomvending ut av senga, på med kleda og ut døra.
Dagens nye vri, var at då eg skulle parkere, klarte bilen (heilt uten hjelp frå meg såklart) å køyre akkurat litt for langt og havne med framhjula ned i grøfta. Resultatet vart tre køyvingar i forsøk på å få bilen oppatt, og ydmykelse då eg måtte la den stå igjen sånn at alle som gjekk forbi kunne sjå det. Eh, flaut!
Igår la eg om til vinterdekk, dvs 15" felga på min kjære bil fram til ... ja, lenge! Me no liky.

Ellers har eg funne ut at vinteren og haustværet som herjar ute no, kanskje ikkje er så værst. Ja, eg ligger lenge våken om kvelden og fantaserar om store ting som kan blåse vekk og treffe bilen min. Men, ka har man full kasko for lZm?
Men det å kunne sitte inne under dyna, med tjukkelabbar på beina og dyna trekt godt oppunder nasa, og ikkje ha dårleg samvittighet for det, det er fint. Sjå ein kosleg film med nokon ein er glad i, drikke varm kakao så man er sår på tunga til dagen etter, det er fint.

Noko anna som er fint, er når

23102008208
Christine ser sånn ut ..
eller når

25102008209
Jon Gunnar kjem til meg, halvfull på heimebrent og sovna før han har sagt hei nesten. Det kalla eg å sovne i sokkane.

Når Christine viser meg fargen på trusa si:
23102008207
Når Sonja drikker alkoholiker øl fordi ho er økonomisk student, ser slik ut:
16102008204

ELLER
når (atter ein gong) Christine lyser opp dagen min med ein PRANK!
16102008203

Ja, det er fint :-)

Alle gode ting er tre

Igår fekk eg Sex and the City filmen i posten. Og egentlig hadde ikkje eg tenkt å sjå den igjen, etter at eg såg den på kino. Fordi eg var så endelaust skuffa. Så eg såg den tre gonga, og no lika eg den faktisk.

No sushi for me

Igår var Sonja så kjekk og nytenkande at ho lagde sushi til meg, Christine, Mariell og Fredrik.
Altså, don't knock it 'till you've tried it, men eg må berre sei at sushi var ikkje heilt noko for meg. Noke med at det er rått som ikkje er heilt overkommeleg. Men eg syns det var eit godt forsøk Sonja! Og som takk, lagde eg middag til ho idag. Kylling, ris og bretagne saus, eg spiste så fort at eg vart altfor mett og Sonja hadde spist to brownies rett før, så eg kunne vel egentlig spart meg. Men då har vi i alle fall rikelig med kvelds. 


Mine Fine Folk

14102008196 14102008197

14102008198 14102008199

14102008201 15102008202


Eg hadde verdens finaste overnattingsbesøk inatt. Frysningar i ryggrada kan ver deilig.

Peiskos uten peis.

Det er ikkje første gongen, og heilt sikkert heller ikkje siste gong eg kommenterar hausten. Men denne gongen er det faktisk ikkje negativt ladda. Det beste man kan gjere når regnet høljar, blada bles avgårde og vinden herjar er å krølle seg ihop under dyna med enten kakao, eller i mitt tilfelle iskaffi, sette på ein god skrekkfilm og la ulinga utanfor gjere steminga endå skumlare.Det einaste eg saknar er knitring frå peisen. Stor eller liten peis, eg skulle vore fornøgd uansett.
Dessverre, etter tre forsøk, har vi framleis ikkje blitt skrekkmetta på den måten vi virkelig føler for. Kan noken skremme oss?! Skrekkentusiastane eg snakkar om er forresten meg sjølv og Jon Gunnar. Han som påstår han er livredd for skrekkfilmar, har ikkje så mykje som rykka i lillefingeren eingong. 
KOM AN!

Etter å ha sett

altered

og

skeletonkeyfrontcover

OG

secretwindowverdvd

har vi framleis kvilepuls og døsige auger.

terrified
Sånn vil eg sjå ut når filmen er ferdig!!! Men neida.

Det raraste.

Ho snudde seg i senga, så lyset frå nattbordlampa skein rett på ansiktet hennar og kvart eit einaste av håra på haka og overleppa kom til syne.
Augene var kulerunde og stirra nysgjerrig opp i taket.
Hendene fomla, strauk varsomt over det rynkete dynetrekket, klødde seg i ansiktet og vart til slutt folda, som klar til å be Fader vår. Kroppen var uroleg, og eg tenkte er tida komt? Ho viste ingen tegn til smerte.
Men kva slags tusen tankar som for gjennom hovudet hennar kunne eg ikkje forestille meg. Ho såg på meg og sa vi får sjå. eg får sjå.
Eg har no opplevd å sitte med ein pasient som snart skal dø. Det er det raraste eg har vore med på, og frysningane som gjekk nedover ryggen min er ikkje muleg å forklare. 

Haustferie. På jobb.

For 13.ande gong i mitt liv har eg haustferie. Kanskje dette er siste gongen eg har hausteferie og, alt etter kva skule eg velger etter vidaregåande.
Christine er i London, Ingvild er på BRYGGJA, Sonja er i Ålesund, Oda er på Ayia Napa, Malin er på Rhodos og Mariell er (snart )i Paris. Mens eg, eg lurer på korleis eg skal få tida til å gå.
Så langt har eg fått fyllt opp 7 av 10 dagar med jobb. Dvs 3 dagar med ingenting å gjer. Nada. Nothing. Rien. Non niente. 没有什么东西. Skjønna? Absolutt ingenting. Open for forslag. Veldig open.

Akkurat no står eg på jobb på Skogstad Sport, og når eg er ferdig her har eg tre kvarter på å komme meg frå Innvik til Sandane, klar for neste jobb: aldersheimen. Det er kanskje ikkje så veldig glamorøst, men det er i alle fall noko å gjer på.

Oktober

Ja,  no er det oktober og eg kjenner at vinteren snart setter inn. Frost i nasa og hender stive av kulde. Så idag dro eg like greit på meg raggsokkane og hutra meg ut i kulden. 
På ein måte er det veldig koselig. Men er vil helst at viss det først skal bli vinter, så vil eg ha skikkelig vinter. Med snøø på bakken, og trea som blir tre gongar større på grunn av all den kvite massen som har lagt seg der. Sjø av is, og pust som dampar. 

Forresten så har Elin bursdag idag. GRATULERER ELIN!

Og ellers såg Christine sånn ut idag, som gjor at eg fekk evig lang latterkrampe:

01102008149

Undring

Viss du er ein av dei mange som lurer på korleis stekt svette luktar, besøk oss i 3MKA på Firda på klasserom E - 110 så skal du få lukte det med egen nasekanal.

DET LUKTAR EKKELT! 
Les mer i arkivet » April 2009 » Mars 2009 » Februar 2009
Mona

Mona

18, Stryn

3. året media Lappen Bil Mat Film Ferie Venna Mat Meg

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits